Skrivereglar for Fyresdal kommune
Målet med skrivereglane er å lette arbeidet med å finne att informasjon i arkivsaker og dokument for brukarane av ePhorte/elements.
Dette notatet er meint som ei rettleiing i korleis kommunens skrivne og trykte produkt skal vere når det gjeld språk, redigering og utsjånad.
Målforma er nynorsk. Datoformatet er norsk standard utan spesialteikn.
Spesialteikn og forkortingar skal ikkje brukast i sakstittel, tittel på dokument eller filnamn.
Standard skrifttype på malane er Arial 11.
Skrifttypa og utsjånaden på malane skal vera like.
Bruk store og små bokstavar i tittelfelta(Norsk rettskriving).
Korleis skal ein sakstittel i ePhorte leggast inn
Alle sakstitlar skal vera "generelle". Dei skal spegle innhaldet i saka. Journalpostane skal spegle innhaldet i fila/dokumentet. Ved svar på inngåande post brukar vi "Svar" fyrst i tittelen.
- ved saker som er unntatt offentlegheit skal tittelen vera nøytral, det vil seie at tittelen ikkje skal innehalde opplysningar som ikkje er offentlege
Spesielle reglar for fagsystem ved oppretting av arkivsak
Byggesaker (Adresse/stadnamn/gbnr. – tiltak)
Delingssaker (Adresse/ stadnamn /gbnr. – tiltak)
Konsesjonssaker (Adresse/ stadnamn /gbnr. – tiltak)
Klassering eigedomsarkivet:
Hovudregel gbnr. eks 11/12
Festenummer (fnr.)/seksjonsnummer (snr.) leggast inn etter behov. Eks. 11/12/0/4 (null blir brukt om ikkje fnr. finst).
Alle avsendarar og mottakarar skal registrerast inn slik namnet er
Søk opp rett adresse i folkeregisteret eller einingsregisteret. Om de ikkje finn vedkomande så skriv inn slik det står i det innkomne brevet, t.d.:
Namneformat eks. Petter Olsen
Firmanamn skriv vi inn slik som det er. Eks. ErgoGroup
Att:. Skriv i feltet att. eks. v/Petter Olsen
Vedlegg:
Skal ha eigen kort tittel som gjer greie for vedlegget.
Oppretting av journalpost/dokumenttittel i personal-, elev- og barnesaker
Sjå eigne rutinar for mappestruktur i desse delarkiva.
Forkortingar
Hovudregel:
Ikkje bruk forkortingar når det ikkje er nødvendig. Forkort aldri om det kan føre til tvil eller misforståing.
Sjå òg språkrådets side om forkortingar.
Administrasjonen i Fyresdal kommune brukar desse orda:
- Bli (ikkje verta)
- Vi (ikkje me)
- Saksbehandle (ikkje handsame)
- Stemme (ikkje røyst)
- Tilskot (ikkje tilskott)
- Håpar (ikkje vonar)
- Mogleg (ikkje mogeleg)
- Sjukemeld (ikkje sjukmeld)
- Til orientering (ikkje til vitande)
- Eit medlem – fleire medlemmar
- Tilsetting(ikkje tilsetjing)
Vi prøver å unngå j (der det er mogleg). Vi skriv teneste, søker, søkar, forsøke osv.
Vi brukar e-ending på verb med kløyvd infinitiv (til dømes å vere, ikkje å vera).
Vi brukar helst y der ein kan vele mellom ø og y:
- Fyrst (ikkje først)
- Fylgje (ikkje følgje)
- Oppfylging (ikkje oppfølging)
Merk!
Dette er rett skrivemåte:
Siste – ikkje seiste
Kr – ikkje kr.
Eventuelt = ev. ikkje evt.
NB. Ikkje punktum i beløp (skriv slik = 1 500 000)
Reglane blir evaluerte ved behov, men minst ein gong i året.
Godkjent av rådmannen 28.04.2021
Laster...