Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no
Printer-ikon Utskriftsvennlig versjon

Rutine for bruk av administrasjonsprogrammet Speedadmin i kulturskulen

Speedadmin er eit program til administrering av elevar og undervisning i kulturskulen.

Oppstart 01.07.2021.

Speedadmin ligg som lenke på Fyresdal kommune si heimeside, og det er der alle inn- og utmeldingar går føre seg.

Alle føresette og elevar og tilsette som ynskjer det, har tilgang til ein App som dei kan laste ned på telefon.  Der kan dei lett fylgje med på timar, avlysingar og ting som skjer.  Beskjedar til elev/heim/lærar blir sendt via denne appen.

Dagleg rutine:

Dagleg sjekk i administrasjonsprogrammet om det ligg informasjon som treng behandling, det kan vere:         

Ny søkjar

            Utmelding

            Endring av timeplan

            Kontroll av eigebetaling

All informasjon inn og ut går via Speedadmin enten som e-post eller SMS, og blir lagra der.

Ved oppstart for ny elev får dei beskjed om tildelt tidspunkt, tid for oppstart, lærar, kor dei skal møte, eigebetaling og skulerute.

Dei får same dag informasjon om Speedadmin sin App og får tildelt passord og innloggingsinformasjon.

Avlysing av time:

Kulturskuleleiar sender melding til elevar/føresette via e-post eller SMS på Speedadmin.

Kulturskuleleiar informere elevar og SFO om avlysing.

Kopling til ephorte 6/elements:

For ein trygg og sikker kopling til ephorte6/elements er målet å inngå ein avtale med «Documaster».

Før det er på plass, skal kulturskuleleiar sende rapport to gonger i året til arkivet med liste over kven som har søkte seg inn eller ut av kulturskulen, og kva for tilbod dei har.  Denne lista blir sendt til arkivet 30.12. og 30.06. kvart år.

All annan arkivverdig dokumentasjon(t.d. avtaler, planar, rutinar, rapportar m.m.) skal lagrast i ephorte/elements.

 Fakturering:

Kulturskulen fakturerer to gonger i året.  Speedadmin er kopla mot Agresso.

Det skal fakturerast to gonger i året, 15. oktober og 15. mars, med forfall den 20. månaden etter.

 Tilgang:

Superbrukarar til Speedadmin:          Hilde Martini Momrak            kulturskuleleiar

                                                       Marit van Delft                     kulturskulelærar

Tilgang til app                                   Trygve Jarle Nedrebø            kulturskulelærar

                                                        Svetlana Sheytanova           kulturskulelærar

                                                        Aneesh Asok                       kulturskulelærar

                                                        Marit van Delft                    kulturskulelærar

                                                        Hilde Martini Momrak           kulturskuleleiar

                                                        Alle føresette som ynskjer det

                                                        Alle elevar som føresette ynskjer skal ha det

Laster...